Nyheiter
Vi er på Arendalsuka !
Måndag 10. august kl. 14:30 – 15:30 er vi i frivilligteltet på Arendaluka med problemstillinga Bunad på Unesco, kva nå? Bunadmote og trendar, korleis møte ein marknad i utvikling? Etterpå er du velkommen på bunadkafé hjå Norsk Flid Husfliden i Arendal.
Nå er det godt og vel halvanna år sidan Bunadbruken i Norge, tradisjonshåndverk og sosial praksis vart innskriven på UNESCO sin representative liste over menneskehetens immaterielle kulturarv.
Arbeidet har berre såvidt begynt. Vi har mange ballar å halde i lufta: mangel på systover og lærlingplassar, for låg rekruttering til faget, vi må jobbe for betre utdanningsmoglegheiter, og vi må saman med fagmiljø, brukarar, og staten skape eit lag rundt fagfeltet.
Alt dette er store område og langsiktig arbeid. Og midt i dette store, møter vi det som i nået er noko mindre, men likevel ikkje ubetydeleg:
Korleis skal vi møte utvikling og endring innanfor bunadfaget? Korleis skal vi handtere og kome i møte motar og trendar? Der noko er som døgnfluger å rekne, og noko er kome for å bli, opp mot tradisjonar og normer? Korleis skal vi balansere det nye?
I eit samfunn der nye generasjonar tek bunaden i bruk, må vi sikre at kunnskap om handverk, bruk og symbolikk faktisk når fram og flyt mellom generasjonane, og vi må sørgje for å også halde tradisjonen levande og i utvikling.
I panelet: Camilla Rossing , leder for Norsk Institutt for bunad og folkedrakt, Siri Sveen Haaland , daglig leder i Sidserk AS, Kahtrine Gregersen, Det Norske Samlaget tidligere husflidskonsulent og ansatt i Norsk Flid Kristiansand/Mandal, Hanne Jakelln, generalsekretær i Norges museumsforbund, Lill Engeseth Andersen, lærling hjå Norsk Folkedraktforum og Terje Lia, styremedlem i Norges Husflidslag.
Etter panelsamtale er du velkommen til bunadkafé i lokala til Norsk Flid Husfliden Arendal, Tollbodgaten 2!
Både panelsamtale og bunadkafé er arrangert av Studieforbundet kultur og tradisjon, Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Norsk Folkedraktforum.
Bunadglede – Ny oppskriftsbok ute!
Ny oppskriftsbok ute nå! Bunadglede er for alle som er nysgjerrige på bunad. 84 sider som gir deg smakebitar på prydsaum, montering og ulikt tilbehøyr. Boken er krydra med historiske anekdotar og fagartiklar. Bakarst finn du eit fyldig stingbibliotek.
Kjøp den på husflid.no/nettbutikk/boker/bunadglede eller i din næraste bokhandel Vi håpar boka vil inspirere nybegynnarar og gryande bunadsentusiastar i alle aldrar
Bunadglede er blitt til med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB
Fagdagane i bunad og folkedrakt 2026 – Programmet er klart!
Vi har gleda av å ønske velkomen til to dagar fylt med inspirasjon, fagleg påfyll og sosialt samvær under årets Fagdagar 1.–2. september 2026 på Fagernes. I år løfter vi stakkane og inviterer til å komme tett på tradisjonen under årets tema- strømper, sko og tilbehøyr. Her får du høve til å fordjupe deg i detaljane som fullfører bunaden, lære av dyktige fagfolk og møte andre med same interesse. Det faglege står i høgsetet på Fagdagane, men like viktig er møtet mellom menneske som deler engasjementet for bunad og tradisjon.
Fagdagane er eit samarbeid mellom Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Studieforbundet kultur og tradisjon, Norsk Folkedraktforum, og Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Fagdagane er for alle som arbeider med, eller er interesserte i folkedrakt og bunad.
Detaljer av rekonstruert bunad frå Sunnfjord. Foto: Anne-Marte Før
Ny rapport:
Bunaden lever – og fleire syr sjølve!
Fleire unge ønskjer å sy heile eller delar av bunaden sin, viser ny rapport. Med rettleiing vil over 1 av 3 kvinner gjere det sjølv!
Visste du at meir bunad blir sydd i Noreg enn vi har trudd?
Trass i mykje utanlandsproduksjon, viser rapporten at det spirer i systover over heile landet – og interessa er aukande!
Halvparten av nye bunader blir laga heilt eller delvis i utlandet
Det svekkar både handverket og kunnskapen vår. Rapporten viser kvifor det haster å sikre lokal produksjon
Last ned bunadbrosjyren vår:
Bidra med minner og delta i forskningsarbeid:
Se filmen om bunad og bunadbruk:
Følg oss på Instagram for flere bilder og historier: