Tilbake til alle arrangementer

Fagdagen i bunad og folkedrakt 2020

  • Scandic Solli 68 Parkveien Oslo, 0254 Noreg (kart)

Fagdagen i bunad og folkedrakt blir arrangert i Oslo for andre år på rad!

Fagdagane i bunad og folkedrakt 2020 skulle etter planen arrangerast på Fagernes i samband med ei ny utstilling på Valdres Folkemuseum. Dessverre fekk Valdres Folkemuseum ei vasslekkasje og Fagdagane i bunad og folkedrakt vart fløtt til Oslo som ei reserve løysing.

Påmeldinga er stengt.

Program

10.00 Velkomen

10.15 Rekonstruksjon Ryfylket

Målfrid Grimstevdt og Eli Olsen vil gje dykk innblikk i arbeidet med ei av to historisk rekonstruksjonar. Begge bygger på den folkelege rokokkomota frå 1700-talet og syner fram den mangfaldige materialbruk frå kyststrøka våre.

10.45 -11.15 Rekonstruksjon Østfold

Kari Filberg og Bjørg Lundeby vil gje dykk innblikk i arbeidet med ei av to historisk rekonstruksjonar. Begge bygger på den folkelege rokokkomota frå 1700-talet og syner fram den mangfaldige materialbruk frå kyststrøka våre.

11.15 Pause

11.45 Husfliden og småprodusentene v/ Marianne Lakselv

Marianne Lakselv, dagleg leiar ved Norsk Fli, Husfliden Tromsø vil snakke om samarbeidet og samspelet mellom dei store og små produsentane og kor avhengige dei er av kvarandre.

12.30 Statssekretær i KUD, Gunhild Berge Stang (V)

12.45 Lunsjpause

13.45 Tine Solheim

Tine Solheim har utdanning frå det franske moteakademiet École de la Chambre Syndicale de la Couture Parisienne. Sidan 1982 har ho hatt sitt eige Atelier, Dolce Vita som sidan midten på -80 talet har vore ein attraktiv lærlingbedrift som har skapt eit utal kreasjonar, som spesialdesigna kjoler, brudekjoler og beltestakker i frå Telemark.

14.15 Samtale med publikum

14.40 Bunadbruk i Noreg på UNESCO-lista, Forankringsturne

Prosjektet Bunadbruk i Norge jobbar mot ein søknad til UNESCO om å søkje «bunadbruk i Noreg» inn på den representative lista over immateriell kulturarv. Ein særleg viktig del av søkeprosessen er å ha samtaler rundt bunadbruk fleire steder i landet. Vinteren 2021 vil det bli ein møteserie der dei inviterer alle med interesse i bunad om å bidra. Prosjektgruppa vil fortelje meir om møteserien, formålet og tidsrommet.

15.00 - 15.30 Jon Godal

Jon Godal er med og organiserer ei utstilling av om lag 30 gamle Nordmørsbåtar. Du ser at dei alle er laga i same distriktet, i den same båtbyggarskikke. Jon er svært opptatt av byggeskikk, kleskikk og dette sett i samanheng med handverk. Han er opptatt av at bunaden har si rot i bygdekulturen. På bygda rådde ikkje laugsvesenet for handverkarane. Her følgde du ikkje meisteren og laga det lovmessig riktige - på bygda arbeide du deg inn i tradisjonen, og den var ikkje skrive ned, den måtte du berre lære deg - arbeide deg inn i.

16.00 Takk for denne gong!

Meir informasjon på www.husflid.no og www.bunadogfolkedrakt.no

Neste
Neste
22. februar

Nettmøte: Hvordan snakke om bunad