Tokke og Rauland Husflidslag, Vest-Telemark Museum og Husflidskonsulenten i Telemark inviterer til lokalt samtalemøte.
Bør bunadbruken inn på Unesco-lista? Det meiner vi!
Kva meiner du? Vi treng dine tankar.
Vi vil gjerne ha flest moglege stemmer frå Vest-Telemark. Unge og vaksne, han, ho og hen! Velkommen alle som ein! Tankane dine er viktige når det skal skrivast nominasjonssøknad til UNESCO.
Du vil få utdelt spørsmål som du skal svare på, diskutere med andre rundt bordet og få moglegheit til å ta ein titt i den rike drakt og bunadstradisjonen i Vest-Telemark. I tillegg vil du få høyre korleis det står til med handverkskompetanse på bunad i området samt kva for drakt og bunadsrikdom ein kan finne på museet.
For meir informasjon om møtet, sjå her.